
World War Z
World War Z er ein actionfylt film som tar oss med rundt i verda i herleg kaos. Han har ein fornuftig helt med eit bestemt mål, og som gjer lite feil.
Det er det at World War Z heller ikkje gjer noko som andre filmar ikkje har gjort betre. At filmen handlar meir om å vise alt, heller enn å bygge på mystikk. Filmen er rett og slett for trygg, både i oppbygging, vinkling, og ikkje minst tidspunktet filmen kom ut på, til at eg lar meg nemneverdig imponere.
Men eg lar meg underhalda sånn passe, trass i alt.
Daniel Cook Johnson på Film Babble Blog (filmbabble.blogspot.com) meiner filmen har nokre gripande actionsekvensar, men for lite kjenslemessig kontakt med dei som blir ramma av katastrofen. Personane får først og fremst flytte handlinga vidare. Det passar med mi oppleving av noko som underheld på overflata. Reisa til helten held det gåande, utan at verken kaoset eller den store målestokken gjer dette til ei særleg ny zombieoppleving.
