Wrong - Filmdagbok

Wrong 2012

Quentin Dupieux har laga ein rar film som heiter Wrong. Filmen er ikkje så spesiell som Rubber. Rubber handlar om eit dekk som drep folk, mens Wrong handlar om ein mann som mistar hunden sin.

Det rare med Wrong er alt som skjer rundt hovudpersonen Dolph, men som blir tatt for gitt som normalt. Som at det regnar innandørs og at naboen ikkje klarar å snakke om at han joggar.

Det er dette som gjer Wrong sjåverdig. Å kunne oppleve ei enkel historie bli fortalt med og forbi tilsynelatande usaklege verkemiddel. Men verkemiddel som er morosame, til forundring og til ettertanke.