
X-Men
Film
4
Fin film om folk med overnaturlege krefter her. Det er første gang eg ser filmen. Eg har planar om å følge opp med X2 og X-Men: The Last Stand.
Om denne filmen kan eg sei at han var godt iført humor, politikk, menneskelege forhold og framleis fine spesialeffektar. Så eg er fornøgd og fekk så mykje ut av filmen som eg håpte på. Eg ser vidare fram til dei to neste.
Llamastrangler’s Big TV and Film Blog (llamastranglermarathon.blogspot.com) rosar valet om å bruke Rogue og Wolverine som inngang til denne verda. Skribenten meiner den enkle handlinga gir karakterane rom til å puste. Det er eit godt tillegg til dei menneskelege forholda eg set pris på. Kreftene og effektane blir meir interessante når me samtidig får nokon å følge og forstå.
