
X-Men: Days of Future Past
Det kjem X-Men-filmar i bøtter og spann. Nokon gode, andre greie. I eit forsøk på å plassere X-Men: Days of Future Past, vil eg sei at han er midt i mellom god og grei.
Her handlar det om reising i tid. Ei interessant blanding av notid, fortid og karakteren Wolverine som kryssar mellom tidene gjer filmen meir ein til tanketom actionfilm. Det krev ikkje mykje, men litt for å halde styr på kva som skjer. Og filmen har løyst det godt.
Eg har sansen for at me møter dei unge versjonane av blant anna Xavier. Det gir eit innblikk i karakteren hans, som er til hjelp for å bli noko meir interessert i alle desse X-Men-filmane som Marvel dyttar på oss.
Den yngre Xavier er også eit høgdepunkt for Harrison Abbott på Mostly Rants (mostlyrantsblog.wordpress.com). Han rosar kor sårbar James McAvoy gjer karakteren, og meiner dei nære møta er sterkare enn dei store actionsekvensane. Abbott er langt meir begeistra for heilskapen enn eg er. Likevel er me inne på noko av det same. Personlegdomen til Xavier gir historia meir liv enn tidsreisene aleine kunne gjort.
Om filmen alt i alt har eg altså ikkje all verda å seie i den eine eller andre retninga. Det er få Marvel-filmar som du må sjå, og X-Men: Days of Future Past er blant dei som det ikkje skadar å gløyme, men i rett humør kan han vere grei underhaldning.
