
Y tu mamá también
To gutar, Tenoch og Julio, legg ut på ein impulsiv biltur med Luisa, ei kvinne som har sine eigne grunnar for å søke noko nytt.
Eventyret deira startar som eit forsøk på å rømme frå kvardagen. Dei jaktar spenning. Men det utviklar seg frå å vere ein vennetur til å bli meir alvorleg.
Det som gjer dette til noko meir enn ei typisk ungdomshistorie, er at filmen torer å gå så tett på situasjonen
Y tu mamá también er meir ein ei vanleg reise. Det handlar om å drøyme, og om å finne ut kven me er. Både i skiljet mellom barndom og ungdom, men òg for vaksne.
Me får sjå ei side av Mexico som kanskje ikkje kjem så ofte fram på film. Det løftar filmen opp og gjer han til meir enn ein enkel oppvekstfilm.
Det som skjer utanfor bilen, får stor vekt i Roy Stafford sin gjennomgang på The Global Film Book Blog (globalfilmbook.wordpress.com). Han viser korleis kameraet og forteljarstemma gjer oss merksame på liv som gutane sjølve knapt ser. Det utdjupar kvifor turen blir meir enn ei personleg oppvakning. Me kan følge draumane deira og samtidig sjå kor lite dei forstår av verda dei reiser gjennom.
