- Filmdagbok

Year One

Year One har ikkje ein snev av kvalitet, eit omgrep som er vanskeleg å definere utan slike motstykke som denne filmen er. Å gi han ei stjerne på skalaen har med ting som bilde- og lydkvalitet og hår igjen på skallen min å gjere, framfor at han har eit gram av gode sider ved seg.

Jack Black har eit variert resymé, men vil trenge ein verkeleg god film for å hente seg inn igjen i mine auger. Han er som filmen fråverande av spøkar. Dette er flaut, for meg, for Michael Cera, for filmbransjen, og for dei med ideen som har blitt øydelagt av produksjonen.