Yella - Filmdagbok

Yella 2007

Til Yella stilte eg med blanke ark. Eg ikkje hadde høyrt om filmen sin tittel eingong før like før han blei køyrt i gang. Sjeldan har eg så lite forkunnskapar, men dette var ein interessant måte å starte på.

Yella er namnet på dama som filmen handlar om. Me får vite at ho har fått seg jobb utanfor byen og skal flytte. Tidleg gjer ho det dumme valet og let ekskjærasten køyre ho til togstasjonen. Han er mentalt ustabil og det skjer ei ulykke på vegen. Yella får ei nær døden-oppleving. Trass i ulykka kjem ho seg overraskande fort til stasjonen og reiser til Hanover der ho jobbar med noko økonomistyr. Når filmen var komme så langt, rimeleg tidleg ute i filmen, hadde han delvis mista meg på vegen.

Resten av filmen prøvde eg mest å fange opp små humoristiske augneblinkar for å overleve og ikkje minst fotografiet. Sjølve handlinga var lite givande, rett og slett kjedeleg. Detaljer i bilde avslører fort at noko ikkje er som normalt, og det er vel meininga. Men ikkje så godt gjennomført at eg får noko glede over det.