Hopp til hovedinnhold
Plakat for Yeopgijeogin geunyeo (2001)

Yeopgijeogin geunyeo

Film
4

Sjølv om det var eit par scener som ikkje heilt blei forstått, tykte eg at filmen alt i alt var ein god romantisk komedie. Dei to eller tre første møta mellom mannen og kvinna i hovudrollene, bidrar til god latter.

Dei fleire tilfeldige møta føyer noko ekstra til ei standard oppskrift på romantiske komediar. Det gjer også den gjentakande aksepten frå mannen om å bli mishandla av kvinna. Du skjønnar ikkje kvifor han tar i mot dette, eller om han skjønner det sjølv. Han likar det ikkje, men kan ikkje noko for det. Det er ein måte å framstille romantisk kjærleik på.

Tilfeldigheitene får eit meir eventyrleg preg for Oggs Cruz på Lessons from the School of Inattention (oggsmoggs.blogspot.com). Han meiner romantikken lever av noko meir gåtefullt enn vanleg logikk, sjølv om humoren ikkje held like godt heile vegen. Det er ein interessant måte å sjå dei mange møta på. Eg likar at filmen føyer noko uventa til oppskrifta, og at forholdet mellom dei to ikkje blir så lett å plassere eller forstå.

Eg antar at denne filmen er like appellerande for begge kjønn. Sjangrar og kjønn er noko eg vanlegvis ikkje skil på. Den typiske haldninga om at menn likar ein type film, og kvinner ein annan, er tull. Men her tar eg denne meininga meir opp på bakgrunn av formidlinga av denne spenninga mellom dei to personane her. Og sidan det er vanskeleg å vere nøytral til dei to sidene gjennom filmen.

Den engelske tittelen på filmen er My Sassy Girl.