Yes Day - Filmdagbok

Yes Day 2021

Yes Day er ein familiekomedie frå Netflix med Jennifer Garner og Edgar Ramirez i dei vaksne hovudrollane.

Det handlar om eit tidlegare eventyrlystens ektepar som dei seinare åra har blitt til nei-menneske. Årsaka er tre barn.

Etter eit metaforisk slag i trynet med denne informasjonen, og eit møte med kunnskap om konseptet ja-dag, bestemmer dei seg for å prøve ut dette med borna sine.

Ein ja-dag handlar om å gi barna ein dag i blant kor foreldra ikkje får sei nei. Innanfor eit sett med nokre få etablerte forhandsreglar.

Dette byr på moro og alvor som du lett kan tenke deg til på førehand. Det plagar ikkje meg. Vel vitande om kva sjanger dette var, og forventingar justert deretter, så blei Yes Day ein vel så underhaldande film for min del.

Det er ikkje ein minneverdig sak eller noko anna ekstraordinært, men skodespelet er solid, filmen har ei god oppbygging og han leverer godt på vitsar som det er å forvente frå ein komedie.