
Yes Man
Yes Man er det beste Jim Carrey har gjort på fire år. Han er relativt ukomplisert, med eit like tydeleg tema som Liar Liar, men eg likte Yes Man betre.
Det er gjort plass til ei søt og rar Zooey Deschanel, som tilfører filmen sjarm der Jim Carrey tilfører djupne i sin oppgitte karakter.
Ting går av stabelen etter kvart, men dette blir aldri filmen som skal moralisere. At han ikkje skal moralisere betyr ikkje at han er utan stemme. Filmen har eit enkelt og fornuftig poeng. Komedien står likevel alltid i senter, og filmen køyrer løpet ut utan særskilde dødpunkt.
På Getafilm (getafilm.blogspot.com) blir dei små situasjonane trekte fram som det morosamaste, medan den større historia får kritikk for å vere både føreseieleg og full av gjentakingar. Zooey Deschanel er eit lyspunkt også der. Eg finn betre flyt og meir djupn i Jim Carrey sin figur, men skjønar skiljet mellom eit godt premiss og gode einskildpoeng. For meg held dei likevel saman til ein komedie som ikkje stoppar opp undervegs.
