
Ying hung boon sik
Eg hadde planar om å sjå heile John Woo sin A Better Tomorrow-trilogi. Det blei med den første filmen. Etter halvannan time med Ying hung boon sik frå 1986 var eg ferdig med dette filmuniverset.
Ein forfalsknar i triaden i Hongkong blir forrådd av ein underordna og hamnar i fengsel. Etter løyslatinga prøver han å reformere seg og forsone seg med broren. Broren er ein politimann som ikkje veit om den kriminelle fortida til forfalsknaren. Det er potensial for mykje dramatikk. Men det fungerer ikkje for meg.
Actionscenene er kurante. John Woo er kjend for sakte film, ærekodar, melodramatikk og vald. Skytescenene er pent koreograferte, men blir aldri spennande.
Drama sit ikkje. Forholdet mellom brørne verkar å skulle vere kjerna i forteljinga. Dei melodramatiske scenene treff ikkje, dei berre er der utan å gi noko.
Her er Phil Mills på Far East Films (fareastfilms.com) langt meir begeistra. Han meiner at brorskapen er sjølve kjernen, og at forholda mellom rollefigurane gir både hjartelag og spenning til dei stiliserte skytescenene. Det er interessant kor ulikt dette kan verke. Eg ser kva filmen prøver på, men når dramaet mellom brørne ikkje treff meg, får ikkje actiondelene den same tyngda heller.
Eg vil ikkje kalle han dårleg, men han engasjerte meg ikkje. Resten av trilogien får vere der usett. Ein film var nok.
