Hopp til hovedinnhold
Plakat for Yip Man 3 (2015)

Yip Man 3

Film
3

I denne tredje Yip Man-filmen med Donnie Yen blir karakteren Ip Du utfordra på fleire hold. Av kriminelle som prøver å ta over byen, av ein mann som meiner han er betre enn Ip i teknikken Wing Chun, og av personlege problem.

Ei stund frå byrjinga av filmen blir han prega av å mangle retning, og har mest nokon små, men flotte kampsportscener å vise til. Det tar litt tid før dramaet i filmen fester seg, og det er med dette me får eit innblikk i det indre i Ip Man som gjer filmen interessant. I dei andre Yip Man-filmane kom dette i uttrykk av gjennom tilnærminga hans til evner og trening. Men i Yip Man 3 er dette allereie sopass etablert at det blir tatt for gitt at han er dyktig, og dermed er det altså behov for noko meir.

Eg vil nødig røpe kva drama omkring personlege problem som filmar dreier seg meir innpå. Dette blir gradvis spedd på i løpet av filmen, og er med på å halde meg akkurat passe interessert.

Den personlege historia er også det som gjer størst inntrykk på skribenten bak Hypersonic55 (hypersonic55.wordpress.com). Han meiner filmen er mindre intens og meir velkjend enn forgjengarane, men rosar samspelet mellom Donnie Yen og Lynn Hung. Det er nettopp når filmen får noko meir å handle om enn nye utfordrarar at eg blir mest interessert. For meg er dette likevel mest ein grei oppfølgar, medan han finn sterkare kjensler i dramaet.

Yip Man 3 er ein heilt grei film. Ingen anbefaling å sjå på eigen hand, men kurant som ein oppfølgar. Eg hellar meir og meir mot å unngå å kalle eksistensen til enkeltfilmar i ein serie med oppfølgarar unødvendige, for vurderinga av om du sjølv føler ein film er nødvendig å sjå er så subjektiv og individuell. For meg er Yip Man 3 utan sin tilknyting til tidlegare filmar nær å vere unødvendig for meg å sjå, då han i det store og heile er litt anonym. Men det er vanskeleg å seie.