
Yôjû toshi
Japanske Yôjû toshi er ein anime frå 1987. Eg visste ikkje meir før eg byrja å sjå han, men tenkte at dette var nok til at eg ville gi han ein sjanse.
Dette handlar om ei verd kor det finst ei parallell demonverd. Dei har hatt fred i fleire hundre år, og no er tida inne for å forlenge freden ved å fornye ein fredsavtale.
Til dette må eit møte på plass, og hovudrolla vår får ansvaret å beskytte ein viktig deltakar i forkant av møte. Han er ein dark guard, og får hjelp frå ei frå demonverda som er tilsvarande der.
Det eg som utvitande om innhaldet i filmen blei overraska over var dei mange innslaga av erotikk og cheesy romantikk. Det krydra filmen og blei aldri for grafisk. Og måten det blei framstilt på, fortløpande etter valdelege sekvensar med blod og smeltande kroppar, gjorde heile greia ganske så wicked.
Eg blir litt lei når det nærmar seg slutten, men kan i det minste sjå tilbake på ei sånn passe unik filmoppleving.
Andre held betre ut med tempoet. Skribenten på Talking Pulp (talkingpulp.wordpress.com) meiner den langsame oppbygginga gjer verda meir spennande, og rosar særleg bileta og dei oppfinnsame monstrane. Eg skjønar godt den fascinasjonen, sjølv om eg blir litt mett mot slutten. Det merkelege uttrykket er uansett mykje av det som gjer filmen til ei særprega oppleving.
