Hopp til hovedinnhold
Plakat for You, Me and Dupree (2006)

You, Me and Dupree

Film
2

Første av tre filmar som eg hadde på programmet på Kinoens dag. Eg hadde planar om å sjå Paris, je t'aime som var blitt utselt, men eg skal ikkje klage på denne filmen. Han fungerte greitt som underhalding om eg ikkje skal legge noko meir i det enn å få meg nokon latterkuler.

Owen Wilson tar stort sett heile filmen på si kappe, med unntak av eit par gonger når Michael Douglas glimtar til. Verken Matt Dillon eller Kate Hudson gjer noko stort ut av seg.

Owen Wilson passar perfekt til ei slik rolle, og eg vil trekke denne fram føre Wedding Crashers og det han har gjort med Jackie Chan.

Ein irriterande gjest kan tydelegvis også bli for irriterande som komediefigur. På A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com) meiner skribenten at Owen Wilson blir meir plagsam enn morosam, og at filmen mistar fart når han prøver å bli alvorleg. Det er ei langt strengare vurdering enn mi. Eg fekk dei latterkulene eg trong, og Owen Wilson er nettopp den som får denne nokså enkle underhaldninga til å fungere.