
You Must Be Joking
Den uavhengige filmen You Must Be Joking kjennest så rik at eg får inntrykk av å sjå ein studiofilm.
Det er enkelte ting som ofte skil ein lågbudsjettsfilm eller uavhengig film frå ein større produksjon. Blant dei synlegaste er valet av skodespelarar og plasseringar, og korleis filmen ser ut. Lågare budsjett resulterer ofte i heilt ukjende skodespelarar og få plasseringar for scenene. Nokon filmar avgrensar seg til så lite som eit par–tre plasseringar.
Det som får You Must Be Joking til å verke som ein dyrare produksjon er blant anna eit grep på denne fronten. Filmen bruker mange ulike stader, og eg får dermed like mange inntrykk som frå ein langt dyrare film.
Det handlar ikkje om å plassere ein film i bås basert på kostnad, men om å peike på at budsjettet ofte set spor i resultatet. Her merkar eg mindre til det.
Men endå viktigare er det om filmen er god eller ikkje. Eg likte You Must Be Joking frå tidleg av. Han har mykje for seg i form av sine karakterar, og kven som spelar dei. Sas Goldberg var fullstendig ukjent for meg i forkant av filmen. Ho har eit komisk spekter og ein naturtru stil som gjer at eg blei sjarmert og interessert i kva ho skulle finne på seinare. Ho og Jake Wilson er drivkreftene bak dette, så eg må nok også følge med på kva han gjer.
Michelle Orange trekker i festivalrapporten sin på Film Comment (filmcomment.com) fram kor mykje sjarmen til Sas Goldberg og Jake Wilson betyr. Ho finn både velbrukt humor og noko friskt i filmen. Det er også personane som gjer at eg likar han. Særleg Sas Goldberg gir meg lyst til å følge med på kva ho gjer vidare.
Andre skodespelarar her som Hannibal Buress har eg observert i fleire små roller allereie. Han er også her ein karakter som først berre er der, men som etter kvart veks. Først og fremst fordi han er ein morosam skodespelar. Noko eg seier mest på bakgrunn av hans rolle i Broad City.
I timane etter å ha sett filmen merkar eg at han blir tenkt meir på enn mange andre komediar. Eit godt teikn, og noko som kanskje burde føre til ei høgare rangering.
