You Only Live Twice er den siste av dei gode James Bond-filmane med Sean Connery. Etter denne kom han berre tilbake i den sløve Diamonds Are Forever og Never Say Never Again som eg ikkje har sett.
Ei morosam opplysning om denne er at Roald Dahl skreiv manuset, noko laust basert på boka til Ian Fleming.
SPECTRE, Blodfeld og ei handling lagt til Japan er stikkord for denne filmen. Ein del av handlinga går føre seg på ei hemmeleg øy. Og er det ein ting som eg forbind med James Bond så er det basar på skjulte stader, kor øyer er blant det tøffaste.
Eit romskip forsvinn, og oppgåva til James Bond blir å finne ut kvifor. Som vanleg i ein James Bond-film handlar det vel så mykje om det som skjer undervegs, som det handlar om den overordna historia. Dette er ein grunn til at eg sjeldan har skrive så nøye om handlingane i James Bond-filmane. Det er også ein grunn til at mange av desse filmane ikkje fell i smak for min del. Dei er noko lause og kunne ha passa meg betre med ei meir kompakt og konkret historie.
Sånn er det også med You Only Live Twice. I utgangspunktet er det ein god film med morosame innslag og mykje kule scener og miljø. Men litt ufokusert i det lange løp.