
You've Got Mail
Tom Hanks og Meg Ryan spelar i den fine filmen You've Got Mail. Eg sjekka han ut på bakgrunn av at det er ein adapsjon av The Shop Around the Corner, som er ein fin film med James Stewart.
Kva skal eg sei? Eg var litt skeptisk til om dette heldt som romantisk komedie i to timar, men må seie meg fornøgd med filmen i ettertid. Filmen har ei god stemning store delar igjennom, har mange lyse, lune, humoristiske augneblinkar og treff i blant godt med triste episodar. Meg Ryan er flink til å hente ut noko ekte i desse episodane og tilfører filmen mykje Tom Hanks fungerer også.
Det som er sikkert er at eg koste meg og fekk lyst til å hente fram igjen andre romantiske komediar frå 1990-talet.
Stemninga handlar òg om byen rundt dei. MaryAnn Johanson på FlickFilosopher (flickfilosopher.com) meiner filmen fungerer gjennom kjemien mellom Meg Ryan og Tom Hanks og den romantiserte kjærleikserklæringa til New York. Ho meiner at historia er konstruert, men blir likevel sjarmert. Det liknar opplevinga mi. Dei lune augeblikka treng ikkje vere særleg sannsynlege når skodespelarane og omgjevnadene gjer det så lett å trivast med resultatet.
