Zack and Miri Make a Porno - Filmdagbok

Zack and Miri Make a Porno 2008

Kevin Smith glimtar til som filmskapar med Zack and Miri Make a Porno.

To platoniske venner treng pengar til å betale husleiga. Dei ser moglegheita for inntening med porno. Undervegs utviklar dette seg til å bli meir enn eit vennskap. Ei klassisk oppskrift på ein romantisk komedie, med sin eigen vesle vri på det heile, som er at det handlar om porno.

Det passar godt i lag. Det er absurd og uvant, men kjerna til filmen er gjenkjenneleg og positiv som ein romantisk komedie stort sett brukar å vere.