Hopp til hovedinnhold
Plakat for Zelig (1983)

Zelig

Film
4

Tulledokumentaren om kameleonmannen Leonard Zelig, som forandrar personlegdommen til å likne folka han omgir seg med, er utført som god blanding av filmavis, tv-dokumentar med intervju og arkivfoto. Det er aldri tvil om at Woody Allen har peiling på sitt medium. Zelig framstår framleis, over 20 år etter, som friskt redigert.

Det gamle filmmaterialet er meir enn pynt rundt påfunnet. På CGnauta Blog (cgnauta.blogspot.com) blir integreringa av Woody Allen i arkivbilda og etterlikninga av eldre film framheva som særleg vellukka. Det er lett å vere samd i. Når uttrykket held så godt saman, kan me følge den absurde historia med same distanse som i ein dokumentar om ein verkeleg historisk person. Forma ber mykje av humoren.

Faktisk så godt at eg gir han status som min favoritt blant tulledokumentarar. Zelig (Woody Allen) er typisk nok ein noko nevrotisk person. Woody Allen glir rett inn i rolla. Me blir kjent med han på avstand og litt om gangen, slik som dokumentarfilmar gjerne fortel oss om historiske personar. Det passar godt.

Med ei speletid på rundt 70 minuttar er Zelig også interessant heile vegen frå starten til enden av filmen.