Zero Dark Thirty - Filmdagbok

Zero Dark Thirty 2012

Framstillinga av Kathryn Bigelows (regi) og Mark Boal (manus) av jakta på Osama bin Laden er ein konsentrert og god film. Eg skal kort gå innpå nokon viktige punkt for å vise kva eg sette mest pris på med filmen. Først skal eg introdusere handlinga i eit par avsnitt.

  1. september 2001 blir USA ramma av eit angrep. Omtrent 3000 menneske døyr. Al-Qaida står fram som bakmenn, og på toppen i deira hierarki er Osama bin Laden. Ei jakt på han og eit utval andre sentrale medlemmer i al-Qaida blir etter kvart sett i gang.

Me følger snart Maya, og hennar historie over dei mange åra ho berre hadde det å fange bin Laden i tankane. Maya nekta å gi opp. I 2011 fekk ho lønn for strevet, då bin Laden blei funnen og drepen.

Eg visste utfallet. Zero Dark Thirty måtte dermed levere på andre område. Og det var filmmeldingar som tyda på dette som gjorde at eg såg filmen.

Maya er ei flott heltinne. Ypparleg spelt av Jessica Chastain. Ho er dedikert og målretta, smart og modig. Gløym filmar som er nøydd til å dvele på feila til heltane og mindre beundringsverdige personlege liv. Dette er tilnærma ikkje-eksisterande i Zero Dark Thirty. Maya er fantastisk dyktig i jobben sin, og det er lov.

Resten av filmen fungerer til dels på likt vis. Alt har sin plass, og det er minimalt med unødvendige scener. Det er få eksplosjonar og skytescener, men dei er effektive dei som er. Filmen kan likevel bruke tid på å bygge opp, og er med sine 2 timar og 37 minuttar ein lang film. Ei underliggande spenning finnes, og gjer at filmen ikkje blir for lang.

Det eg sit att med til slutt er ei god kjensle av å ha sett historia til ei heltinne bli fortalt med verdigheit.