Zodiac - Filmdagbok

Zodiac 2007

Søndag kveld var det David Fincher som stod for underhaldninga i heimen. Regissøren bak Se7en og Fight Club har eit rykte å leve opp til, og når Zodiac attpåtil skulle vere 158 minuttar lang.

I løpet av den første delen av filmen blir det servert veldig mykje fakta, det skjer stadige hopp i tida og eg har problem med å få med meg alt. Det er ikkje før historia dreier seg inn mot Jake Gyllenhaal si journalistrolle at Zodiac samlar seg nok til å bli skikkeleg spennande og interessant. Definitivt ei betre løysing enn å gjere andre del til den rotete og tynne delen, men eg sit med inntrykk av at innleiinga kunne ha vore gjort betre.

Zodiac er basert på ei sann historie, og prøver så godt det går an i ein spelefilm å vere tru mot grunnlaget. Det startar med eit angrep og mord på eit kjærastepar i 1969. Ein PR-kåt seriemordar følger opp med fleire mord og sender stadige krav og kodar til media og politiet. Etterforsking går føre seg i høgt gir, men det lykkast ikkje i å ta mordaren. Filmen hoppar i blant nokon veker, månader eller år til dei stadene i saka med større utvikling. Slik rører me oss fort inn på 1970-talet.

Politietterforskar Mark Ruffalo, journalist Robert Downey Jr. og illustratør og journalistspire Jake Gyllenhaal blir alle oppslukt i Zodiac-saka og angrip dei kalde fakta frå ulike sider. Ingen av dei imponerer før Jake Gyllenhaal åleine nærast tar over filmen. Det vil ikkje sei at dei var dårlege, men glei glatt inn i miljøet utan verken mas eller moro.

Zodiac kom godt ut av det heile til slutt. Han kjennest ikkje så lang med sine 158 minuttar. Sjølv om den første timen forvirra ein del var det alltid nok å sette tennene i. Nokon slapp film blei det aldri. Han krev nok at publikum held tunga rett i munnen. For min del hadde det nok lønna seg å sett han ein gong til. Litt delte kjensler omkring filmen, men eg legg skulda på meg sjølv denne gongen.