Hopp til hovedinnhold
Plakat for Zombieland (2009)

Zombieland

Film
4

Jesse Eisenberg går frå Adventureland til Zombieland, men blir den patetiske hovudrolla som har hamna i ein ufrivillig og kjedeleg situasjon.

Zombieland er ei blanding mellom bilturfilm og splatter. Trass i tittelen er det lite fokus på levande døde som anna enn eit farleg irritasjonsmoment som står i vegen under bilturen. Sjølv om irritasjonsmoment blir litt feil, for nedslaktinga er blant det beste filmen byr på. Dette og andre visuelle godbitar gjer at tynne replikkar, deriblant mange dårlege setningsvitsar, ikkje blir så brysame.

Zombieland er levande hjernedød underhaldning, men også for lineær og uskyldig, og manglar djupne.

Begeistringa er langt større på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). Den korte vurderinga løftar filmen over Shaun of the Dead og rosar blandinga av zombiar og komedie. Eg kjem ikkje like høgt. Nedslaktinga og dei visuelle påfunna gir god underhaldning, men dei tynne replikkane og den enkle ferda held meg tilbake frå å bli så begeistra for heilskapen.