Zoolander - Filmdagbok

Zoolander 2001

2016 ser ut til å vere året for seine oppfølgjarar. Kanskje er det ikkje fleire enn vanleg, men i år er det mange filmar og seriar eg har sett som dukkar opp igjen.

Zoolander er blant dei som har fått sin Zoolander 2. Denne komedien frå 2001 med den mannlege modellen Derek Zoolander, spelt av ein av mine favorittar Ben Stiller, er stort sett tull frå ein ende til annan. Men det er tull av den typen eg har sansen for. Enkle og uskyldige poeng, og mange tørre vitsar med pause for effekt.

Moteindustrien er senteret i verda i Zoolander. Og mannlege modellar har ein sentral plass i dette. Eg har sansen for komediar som tar for seg eit tema og set resten av verdsbilde i bakre rekke. Med vinklinga på mote her blir dette grepet ekstra forsterka.

15 år etter lansering står Zoolander seg godt etter min smak. Humoren er framleis på plass. Og sjølv om eg kjenner til ein del av dei den gong dagsaktuelle kjendisane som er med på å gjere filmuniverset ekte, så tyngar ikkje dette filmen som populære referansar.

Fleire personar frå den uoffisielle grupperinga the frat pack er med, ei gruppe skodespelarar eg har sansen for. Både kvar for seg, men endå meir i lag. At Zoolander er ein av dei tidlegare filmane deira i så måte, gir han eit ekstra dytt i komisk retning på ein nerdete måte.