10 julefilmar på arbeidsplassen - Filmdagbok

10 julefilmar på arbeidsplassen

Handlinga i julefilmar kan finne stad overalt. I slott, på vingarden, på Nordpolen og heime for å nemne nokon. Og på arbeidsplassen, som filmane i denne lista.

Eg har samla ti filmar som i større og mindre grad legg handlinga si til arbeidsplassen. Det kan vere heimekontoret, butikken, kona sin arbeidsplass, julenissens verkstad eller på eit vanleg kontor.

The Holiday legg handlinga til heimekontoret til filmtrailerskaparen Amanda. Og kontoret til Iris, kor ho har eit usunt forhold til ein forlova kollega.

Det kan nesten ikkje bli meir julete enn i Last Christmas, kor me følgjer Kate som jobbar i ein juleforretning.

Og i Love Actually besøker vi både kontoret til statsministaren, og arbeidsplassane til fleire andre.

I Die Hard blir me med John McClane til skyskraparen kor kona jobbar. Og me ser rett mykje av bygningen når han manøvrerer seg rundt og knertar skurkar.

Midnight at the Magnolia er ein lågbudsjettsfilm med sjarm, og ei handling lagt til ein radiostasjon.

I Elf følgjer me den unormalt store alven Buddy som reiser frå Nordpolen til New York for å finne sin biologiske far.

Trading Places er ein kroppsbytefilm kor ein godt utdanna mann i eit firma byter plass med ein småkriminell kar.

Scrooged er basert på den klassisk Charles Dickens-forteljinga. Her er den gretne, gnitne typen ein mann som styrer eit tv-nettverk og behandlar dei tilsette dårleg.

Bridget Jones er litt som Irirs i The Holiday, ei kvinne med eit usunt forhold til ein mannleg kollega. I Bridget Jones's Diary følgjer me ho i byte av jobb, samt mange andre artige situasjonar.

Bad Santa er ein svart komedie om ein alkoholisert kjøpesenterjulenisse. Ein gong ein artig film, men som me si botnplassering er filmen eg er mest skeptisk til om har halde seg.