- Filmdagbok

Topp 10 Disney-favorittar

Tidlegare har det vore vanskeleg å setje saman ei favorittliste over Disney-filmar. Rett og slett fordi eg ikkje hadde sett nok av dei kjente klassikarane til å kunne gjere ei vurdering eg meinte var god nok. Det låg ei altfor stort potensiale i dei usette filmane.

Mot slutten av 2020 og i byrjinga av 2021 har eg hatt anledning til å sjå svært mange Disney-filmar, både lange og korte. Eit enkelt månadsabonnement hjå Disney+ har resultert i over 30 sette titlar.

Med dette har eg hatt over 40 filmar med ei rangering på 4/5 som eg har vurdert opp mot kvarandre for ein plass på denne topplista.