Topp 10 zombiefilmar

Lister · · 17. oktober 2011

The Walking Dead kom tilbake på skjermen i USA den 16. oktober 2011. I anledning sesongpremieren for andre runde har eg sett saman ei liste med zombiefilmar.

Ei veke mellom kvar episode er litt for lenge Å gå utan nye døde på skjermen. Zombie-film er så mangt. Komedie, splatter, voodoo, satire, samfunnskritikk, skrekk og så vidare. Blant dei mange titlane som finst er ein del som er bra og dessverre mykje som er mindre bra. Formålet med dette innlegget var å hente fram ti filmar som er verdt å sjå. Eg har prioritert mangfald og unngår å rangere filmane denne gangen.

Lista har ei lita overvekt av filmar som er laga etter år 2000, og merkverdig mange innslag frå 1985. At alt på lista er laga etter 1978 betyr ikkje at det ikkje finst gode zombie-filmar frå før 1978. Kjennskapen min til eldre filmar på dette feltet er dårleg og dei få eg har sett når ikkje opp denne gangen.

  1.  - Filmdagbok

    1. Re-Animator

    Film / 1985
    Av: Stuart Gordon
    3/5
Topp 10 zombiefilmar plakat - Filmdagbok