Topp 30 filmar sett i 2007

Lister · · 31. desember 2007

365 dagar seinare var nok eit år er omme, eg har sett litt mindre film i år enn i fjor og ein del betre film. Planen var å lage ei liste basert på kategoriar som eg gjorde i fjor og året før, noko eg etter fleire forsøk har måtte gitt opp, resultatet er alfabetiske topplister som følger lengre nede.

Eg har smelt til med nok ei filmplakatetterlikning for å lage stemning i forbindelsen, tittelen røper meir enn godt nok kva London-plassert zombiefilm frå 2002 eg har latt meg inspirere av.

Litt om listene kan bli sagt, dei var først og fremst vanskelege å sette i stand, spesielt blant åra 1939-1979 hadde eg problem med å få inn det eg likte best blant til ei midlertidig topp 20-liste, når det kom så langt som til å lage ta ut dei 10 beste derifrå igjen måtte eg vri meg i smerte når herlegdomar på rekke og rad blei fjerna. Å rangere filmane fekk eg aldri til, så det har blitt med alfabetiseringa, rettferdig opplegg, ettersom eg gjerne ser tilbake på filmar i ulike sjangrar med forskjellig holdning til underholdningsverdi og filmopplevelse.

Perioden som viste seg å bli enklast var 1980-2005, mykje god film her også, men blant dei beste og resten var det enklare å skilje. At tidsrommet er langt mindre enn for eldre film betyr jo også noko, og må takast i betrakning for lesing av listene. Håpar til slutt at nokon kan sjå listene som ei hjelp til titlar det kan vere greitt å merke seg.

  1.  - Filmdagbok

    1. 12 Angry Men

    Film / 1957
    Av: Sidney Lumet
    4/5
  2.  - Filmdagbok

    2. Alien

    Film / 1979
    Av: Ridley Scott
    4/5
  3.  - Filmdagbok

    4. Deliverance

    Film / 1972
    Av: John Boorman
    4/5
  4.  - Filmdagbok

    6. Rio Bravo

    Film / 1959
    Av: Howard Hawks
    4/5
  5.  - Filmdagbok

    7. Rocky

    Film / 1976
    Av: John G. Avildsen
    4/5
  6.  - Filmdagbok

    13. Bin-jip

    Film / 2004
    Av: Kim Ki-duk
    4/5
  7.  - Filmdagbok

    15. Das Boot

    Film / 1981
    Av: Wolfgang Petersen
    5/5
  8.  - Filmdagbok

    24. Hot Fuzz

    Film / 2007
    Av: Edgar Wright
    4/5
  9.  - Filmdagbok

    28. Shi gan

    Film / 2006
    Av: Kim Ki-duk
    4/5
Topp 30 filmar sett i 2007 plakat - Filmdagbok