Hopp til hovedinnhold
Omslag for Topp 5: Filmar sett i 2020

Topp 5: Filmar sett i 2020

Ein film klarte å nå topprangeringane 5/5 av i 2020. Denne rangeringa har etter kvart blitt ei litt for vanskeleg ei å nå. Eg har heller ikkje i 2020 klart å senke krava, så den einaste filmen for året var eit gjensyn som også tidlegare har nådd topprangeringa.

Lista er for dette året er difor mange filmar frå 2020 som gav neste beste rangering, 4/5. Og dette var vanskeleg nok, men resultatet er eit eg er nøgd med.

Året har elles vore eit år med lite filmsjåing på kino. Berre to filmar har eg sett på kino, og dette er ei oppleving eg saknar. Ein god film i heimen er fint. Men ein god film på kino, i selskap av eit godt publikum, er endå litt finare.

Utvalet av filmar på lista var sånn passe vanskeleg å komme fram til, men rekkefølga er umogleg på bakgrunn av så mange varierte typar filmar. Så her kjem ei toppliste der dei fleste filmane er omtrent like gode på sitt vis.