
Topp 5: Seriar sett i 2011
Filmdagbok presenterer tre lister med favorittane i løpet av 2011. I 2011 har eg sett mange gode seriar. Det beste av det beste er no samla i ei liste. I lista har eg delt inn i sesongar.
Det finst seriar som leverer ein knallsterk førstesesong, og det finst seriar som blir betre utover. Inndelinga i sesongar hjelp difor til å sortere ut det beste. Og difor blir lista betre.
Lista er ikkje avgrensa til innhald som er blitt produsert i 2011. Likevel er det mykje nytt. Dei fleste seriane eg har sett i løpet av året har vore nye sesongar av faste seriar.





