17 - Filmdagbok

17 2018

17 er ein NRK-serie om Abdi, som bur i Groruddalen. Om 17 dagar kjem det til å skje noko som snur livet hans på hovudet. Men før den tid følgjer med han og vennene hans i 17 korte episodar.

Dei gjer som ungdommar flest. Dei går på skule, dei festar og flørtar med jenter. Samtidig har dei foten i både norsk kultur og foreldra sin kultur.

Ein andre sesong, også kalla 18, kom i 2019. Han handlar om ein venn av Abdi som heiter Emrah. Emrah er i stor grad overlatt til seg sjølv, sidan mora slit med depresjon. I likskap med første sesong kjem noko til å skje om 18 dagar, då Emrah fyller 18 år.

Tredje sesong kom i 2020 og blei kalla 16. Det handlar i hovudsak om bror til Emrah frå andre sesong, men flettar og inn framhaldet om Emrah. Det er ein godt laga sesong som held nivået høgt. Og eg blei spesielt imponert over dei siste episodane som runda av sesongen på godt vis.

Fjerde sesong kom i 2021 og blei kalla 19. Det handlar om Aisha, som har hatt eit forhold til Emrah i tidlegare sesongar. Og soleis får også karakteren Emrah igjen god plass i denne sesongen. Eg tykkjer med denne sesongen at serien ikkje heilt når tidlegare høgder. Men det går no heilt.

Dette er ein god serie på grunn av god humor, geografisk nærleik i form av Oslo-basert handling, og eit godt drama. Korte episodar gir lite rom til dødtid. I tillegg er også episodane av stor variasjon. I nokon skjer det mykje, medan andre episodar fokuserer på ein enkelt samtale.