
22. Juli
Som det blir vist på skjermen under opningssekvensen til 22. juli, så er dette ein serie om hendingane før, på og etter 22. juli 2011. Serien kom i januar 2020, og blei vist på NRK over seks episodar.
Me følger ei rekke oppdikta karakterar som er råka av hendingane. Ein journalist, ein lærar, ein politimann og ein reinhaldar er blant dei mest sentrale. Desse er inspirert av mange ekte personar som det bleir gjort intervju med under produksjonen.
Hovudårsaka til at eg såg serie var ein litt anna enn kanskje mange andre har. Inngangsdøra til ein av karakterane i serien var inngangsdøra til der eg budde før. Det var difor av interesse å sjå korleis resultatet av produksjonen blei her.
Men det var også nysgjerrigheit for resten av serien som avgjorde valet om å sjå han. Kven skulle han handle om, og korleis skulle dei bli påverka, var interessante spørsmål.
Serien varierer mykje, må eg sei. På sitt beste er det ei vond og sterk oppleving. Eg har ikkje noko nær tilknytting til hendingane 22. juli 2011, men tykte likevel at serien klarte å komme tett innpå meg. På andre stader tykker eg at serien kan overdrive på kanten til å irritere, og at motivasjonen til å skrive inn visse replikkar er altfor gjennomsiktig med tanke på å provosere ein karakter. Det kan vere at serien går for ei realistisk tilnærming, men brukar for tydelege dramatiske grep som tar meg ut av den gode flyten.
Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no) finn heilskapen langt sterkare enn eg gjer, men nemner òg at nokre spark mot politiet verkar krampaktige og at skodespelet stundom blir stivt. Han rosar særleg korleis serien viser ringverknadene gjennom menneska rundt hendingane. Der er me nærare kvarandre. Dei sterkaste stundene kjem når dette perspektivet får verke utan at dei dramatiske grepa blir for synlege.
Alt i alt er 22. juli ein grei serie. Tema er den sentrale årsaka til å sjå serien, om eg skal komme med ei form for anbefaling vidare. Mens resten av serien ikkje stikk seg ut som noko meir enn god nok.
