Hopp til hovedinnhold
Plakat for 30 Rock (2006)

30 Rock

Serie
3

Vurdering av sju år med ein serie er vanskeleg. 30 Rock har hatt både opp- og nedturar undervegs, og eg kan umogleg gi ein rettferdig karakter som passar til heile serien.

Eg var ikkje overtydd etter første sesong, men ville halde fram i håp om at det skulle ta seg opp. Enkeltpersonar skilde seg ut og leverte nok humor som passa meg til at det mest banale og fysiske kunne tolererast. Tina Fey fann ei god oppskrift der satire og fysisk humor passa inn. På ei side stod Alec Baldwin i dress, på den andre stod Tracy Morgan i hettegenser. Denne simplifiserte todelinga stemmer ikkje overeins med heile serien, men er med for å illustrere mangfaldet.

Serien føregår rundt eit håplaust variasjonsshow og håplause personar. Humoren går i krasj mellom personlegdommar og personar som ikkje kan ta vare på seg. Oppå dette handlar episodane om dei mange rare innfalla personane får. Eit eksempel frå andre sesong er SeinfeldVision. NBC har kjøpt rettane til å bruke Jerry Seinfeld, og planlegg å datamanipulere han inn i alle programma på NBC.

30 Rock ligg nærare tidsfordriv enn større utbytte. I det legg eg at serien ikkje går framover eller har ei djupare meining. Enkle poeng blir serverte på rekke og rad i sju år. Det er heilt greitt til formålet sitt, og det er stort sett morosamt, med unntak av enkelte episodar her og der som trekk ned.

Den teikneserieaktige overdrivinga får ei interessant forklaring på The Wicker Scale (thewickerscale.blogspot.com). Der blir det hevda at serien held seg morosam nettopp fordi personane er så overdrevne frå byrjinga, og dermed ikkje treng å utvikle seg som verkelege menneske. Skribenten er langt meir begeistra enn eg er, men poenget passar godt med inntrykket mitt av ein serie som kan halde fram med å servere vitsar utan å komme særleg vidare.