Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Good Girl's Guide to Murder (2024)

A Good Girl's Guide to Murder

Serie
3

A Good Girl's Guide to Murder er ein britisk ungdomskrimserieserie, foreløpig med to sesongar som har kome ut.

Serien følger den 17 år gamle Pip Fitz-Amobi. Ho etterforskar drapet på ein skulekamerat som blei drepen fem år tidlegare, og lagar ein podcast om dette. Dette er eit eksamensprosjekt som gjer at ho avslører mange løyndommar.

Eg har sett begge sesongane, og dei held eit godt nivå. Første sesong har ei lukka historie som fungerer fint på eigne bein, men handlinga held fram i den andre. Mysteriet er sett saman på ein fiffig måte. Det minner meg litt om Veronica Mars i korleis handling er bygd opp. Det er dei same elementa av ungdomsetterforskar i ein småby, same typen lagdelt mysterium, men serien har sin eigen tone og sitt eige univers.

Mysteriet i første sesong har ei relativt klassisk oppbygging. Pip avdekker litt av kvart eigentleg. Ho får ikkej vite alt, men mykje. Det er nok av vendingar til at det er interessant. Andre sesong tek for seg konsekvensane av Pip sine handlingar frå første sesong. Nokre nye element og rollefigurar blir introdusert. Spenninga blir halden ved like utan at serien går tom.

Begge sesongane har ein god flyt. Fin lengde på episodane. Godt tempo. Det er rom for mellommenneskelege relasjonar, men dei finst i randen av mysteriet, ikkje som midtpunkt.

Venskapen får meir merksemd i Vivienne Wan sin omtale av den første sesongen på The Stanford Daily (stanforddaily.com). Ho finn særleg forholdet mellom Pip og Cara naturleg og engasjerande, men meiner at starten på mysteriet går litt sakte. Eg opplever flyten som betre, men skjønar kvifor ho trekker fram relasjonane. Dei gir oss noko å bry oss om mellom spora og vendingane.

Det er ein solid mysterieserie. Han gir ikkje opphav til store tankar, men han gjer jobben sin med å halde meg interessert. Både første og andre sesong er verdt tida.