
Absentia
I serien Absentia følger me Emily, ei kvinne som kjem tilbake etter seks år då alle trudde ho var død. I første sesong handlar det mykje om at ho vil finne ut kven som held ho fanga. Medan andre sesong delvis spelar vidare på det, men òg introduserer nye historiar. Og tredje sesong er endå fjernare frå utgangspunktet.
Serien er i både mørk og mystisk, og har sin stil. Men på nokre områder er han svært enkel, og tydeleg på at det som skjer berre skjer for å drive handlinga framover i ei tvungen retning.
Hovudrollene vert spelte av Stana Katic og Patrick Heusinger, som begge gjer solide inntrykk. Dei er stort sett gode, men sjølve rollane dei spelar er natt og dag.
Absentia fanga interessa. Trass i nokre enkle forteljargrep så mista eg heller ikkje denne interessa. Men brått går det eit par episodar og eg lurer på kva retning serien har tenkt å ta. Eg saknar kanskje at han har eit tydlegare midtpunkt han svirrar rundt over tid.
Virginia DeBolt peikar på ei liknande utviding i omtalen av tredje sesong på Old Ain’t Dead (oldaintdead.com). Emily si personlege historie blir del av ein verdsomspennande konspirasjon. Ho likar Stana Katic som actionhelt, men synest mykje er usannsynleg og vendingane for føreseielege. Det gir eit anna blikk på den retninga eg strevar med å finne. Serien har nok driv til å halde meg med, men avstanden frå utgangspunktet blir stadig større.
Det er noko gåtefull krim, som i blant utfordrar tolmodet, men dreg seg inn igjen. Etter tredje sesong ser det ut som at det blir meir, og eg trur eg heng med vidare.
