
Agatha Christie's Seven Dials
Agatha Christie's Seven Dials er ein Netflix-serie på tre episodar. Han kan skilte med solide namn på rollelista som Helena Bonham Carter og Martin Freeman. Men det hjelp ikkje serien frå å hamne på middelmåtig i byrjinga, og kjedeleg til slutt.
Tenk deg eit ikkje så altfor interessant mysterium, men som du gir ein sjanse fordi det er basert på ei Agatha Christie-historie. Og når det byrjar å nærme seg slutten av mysteriet, så er det ein heil episode igjen der alt skal bli forklart, overforklart, og det heile var ikkje noko komplisert i utgangspunktet.
Andre får meir ut av Bundle enn eg fekk ut av mysteriet. Sneha Jaiswal på Abstract AF! (abstractaf.in) skriv at Mia McKenna-Bruce vann henne over i andre episode med sjølvstendet og den kvikke humoren til rollefiguren. Ho meiner mykje av opplevinga kjem an på kor godt me likar denne amatørdetektiven. Det er ein meir velvillig inngang til serien, men for meg var ikkje personane nok til å vege opp for den langdryge forklaringa mot slutten.
Styr unna denne serien.
