Aldri voksen - Filmdagbok

Aldri voksen

Tre typar foreldre, og forsåvidt nære venner, opplever ungdommen på nytt gjennom barna sine. Og det viser seg at dei ikkje er blitt så vaksne som alderen skulle tilseie.

Aldri voksen er ein norsk komiserie som er akkurat passe dryg til at det framleis er morosamt. Med gode skodespelarar. Og episodar som går unna og gir lysta på meir. Serien stikk ikkje spesielt djupt, og manglar kanskje litt variasjon i poenga han kjem med. Men på ei anna side er det også ein sjarm med komiseriar som held seg til eit format på tvers av episodane.

#TVNorge