Alias vekka ikkje interessa hjå meg før no nyleg. Eit bilde av Jennifer Garner i fargerike parykkar som slengte seg rundt i vaierar og snappa opp antikke objekt vekte aldri interessa hjå meg, men så var det stort sett ikkje meir eg visste om serien. Sett bort frå at J.J. Abrams står bak serien. Mannen bak Lost og det ferske science fiction på Fox i haust, Fringe, var ein av grunnane til at eg til slutt valde å finne ut kva Alias eigentleg dreia seg om.
Jennifer Garner spelar hovudrolla Sydney Bristow, ved sidan av å vere litteraturstudent har ho jobb som agent i SD6, ein jobb som ho i sju år har trudd er del av CIA. Så ein dag finn ho ut sanninga, det er då ho bestemmer seg for å ta kontakt med det ekte CIA, for å hoppe eit par minuttar fram i tid (alt dette skjer naturleg nok i første episode) så endar Sydney opp med å bli dobbeltagent for CIA i SD6.
Når eg gjekk til serien såg eg for meg ein serie som bygg opp nye oppdrag i kvar einaste episode, frå start til slutt, sånn er heldigvis ikkje Alias, og nettopp måten serien er bygd opp på gjer at eg stadig får lyst til å sjå vidare. Enkelte episodar kan innehalda opp til tre spennande sekvensar eller oppdrag, ein avsluttande bit frå førre episode (som da har blitt avslutta med ein solid klippehenger), etterfølgd av eit oppdrag midt i episoden og ein del av et siste mot slutten. Dette er likevel ingen rutine, serien har andre karakterar med eigne historier som kan få lengre bitar enn vanleg av episodane viss det skjer mykje spennande der. Tempoet er høgt og nettopp denne balanserte fokuseringa på det mest spennande er med på å gi serien inntrykk av å respektere sjåaren sitt drag mot løysingar framfor å holde oss på tå i det uendelege.
Krysningar av trådar som glir over fleire episodar er iet mønster som har blitt meir utspekulert i den seinare serien til J.J. Abrams, Lost, seriane er ulike nok til at å vurdere kven som gjer det best blir vanskeleg, om mogleg. Mysterium er noko som finst i begge, Alias som handlar om agentar, internasjonale dekkoperasjonar og høgteknologiske dingsar har også ein større tråd gjennom episodane knytt til ein 500 år gammal oppfinnar med profetiar som dei fleste etterretningsbyråa i verda er ute etter å finne ut meir om.
Kort sagt byr Alias på langt meir enn forventa. Det eg forventa var at serien skulle få ei oppbygging lik det meste innanfor detektimen, det som blir servert er spennande sprell av agentar og litt mystikk, strukturert litt som Lost, utan dei altfor mange usvara spørsmåla.