Hopp til hovedinnhold
Plakat for Aliens in America (2007)

Aliens in America

Serie
3

Komedie om utvekslingsstudenten Raja (Adhir Kalyan) frå Pakistan som hamnar i den hyggelege, men rare familien Tolchuk i USA. Det handlar om Raja og den like gamle Justin Tolchuck som ved sidan av å slite seg gjennom high school ved å vere i den mindre populære gruppa, støyter på problem knytt til at Raja er muslim.

Om det var konkurransen med King of the Hill eller generell misnøye som felte Aliens in America etter 18 episodar, veit eg ikkje. Sjølv synest eg serien har vore morosam og kjekk å følge. Serien tar opp ungdomsproblem på ein lett måte og har ei god gruppe morosame karakterar å bygge på.

At serien har meir å by på enn eit kulturkrasj, kjem fint fram hjå Heather Havrilesky på Salon (salon.com). I omtalen frå tidleg i serien rosar ho Adhir Kalyan for å gjere Raja både truverdig og morosam, og trekker fram kor godt vitsane er bygde inn i handlinga. Ho merkar rett nok ein svakare periode etter den gode starten. For meg heldt kombinasjonen av ungdomsproblem og rare, kjekke personar interessa oppe gjennom dei 18 episodane.