- Filmdagbok

Alt du elsker

Ei ung kvinne som studerer i Oslo møter ein kjekk kar med interesse for nynazisme og nasjonalisme. Første sesong leverer på ei spennande oppbygging. Kva vil skje når ho får vite kven han er? Det er stemningsfullt på ein måte som gjer serien spennande, og episodane går fort unna. Første sesong sluttar brått, utan at eg visste at det var sesongfinale.