Eg har sansen for spanske dramaseriar som grensar mot telenovela. Netflix har vist mange slike dei siste åra, og har med Alta Mar bestilt inn ein serie laga spesielt for seg.
Dette er ein underhaldande serie som heller ikkje har ein altfor lang første sesong. Det er eit morosamt og enkelt, lite mysterium som er lett å følge. Episodane gjekk fort unna på få dagar.
Karakterane er ikkje så kompliserte. Nokon er dårlege menneske som får som fortent, mens andre har fleire sider ved seg. Ein morosam detalj er kofferten med gull som serien har, og som dei behandlar som om var ein lett koffert med bomull.
Den engelske tittelen er High Seas.