Hopp til hovedinnhold
Plakat for Altered Carbon (2018)

Altered Carbon

Serie
3

Trass i val av plakat, så har eg berre sett første sesong.

Eg gav meg der. Då andre sesong både introduserte nye karakterar, samt har fått kritikk for at produksjonskvaliteten var lågare grunna eit mykje lågare budsjett. Og utsjåande og rikdomen av inntrykk første sesong gav, var ein viktig del av totalen.

Det handlar om ein fyr som ha vore i dvale i 250 år. Dette går an på grunn av ein teknologi som lagrar minne og personlegdom i ei databrikke, som kan flyttast frå menneske til menneske.

Han blir vekt opp fordi ein rik kar har blitt drept, og den gjenoppretta versjonen av den rike karen ønsker at våre nyvekte fyr skal etterforske drapet.

Det er mange gode idear på gang i Altered Carbon. Men eg tykker ikkje at oppbygginga rundt etterforskinga er spesielt spennande. Det hamnar i andre rekke av mykje anna. Noko interessant, anna er tidsfyll. Eg skulle gjerne likt å sjå ein versjon av Altered Carbon som var betre på karakterbygginga. Det er ein viss distanse her som trekk ned.

Skiljet mellom eit rikt univers og svakare karakterar går att hos Tyler F.M. Edwards på Superior Realities (superior-realities.com). Han rosar produksjonen og actionscenene, men meiner mange av figurane blir teikneserieaktige og bodskapen for overtydeleg. Han har meir glede av serien som actioneventyr enn eg har. Eg saknar framleis at etterforskinga og menneska gir meg noko sterkare å halde fast i.

I mengda med seriar og filmar så kjem, så er det vanskeleg å finne det ypparste. Og Altered Carbon er totalt sett berre ein stad mellom grei og god. Noko som betyr at eg i blant kjedar meg litt, fordi det går trått. Eller fordi eg ikkje ser poenget med alle dei ulike innslaga opp mot totalen. Hadde episodane vore kortare, og sesongen med, så hadde dette kunne blitt skikkeleg bra.