
Arcane
Arcane er noko heilt for seg sjølv innan animasjonsseriar, eit visuelt meisterverk som held eit høgt nivå frå første episode til siste. At det faktisk blir betre og betre, også gjennom den andre sesongen, er imponerande i seg sjølv. Serien klarar å kombinere teknisk høg kvalitet med ekte og samanhengande historieforteljing, noko som er sjeldan i denne sjangeren.
Universet er rikt og spennande, med karakterar som utviklar seg og relasjonar som engasjerer. Det er ikkje berre overflata som glitrar. Det ligg djupn i både konfliktane og verda som blir bygd. Arcane er blant det beste som har kome på seriefronten innan animasjon dei siste åra, og ein serie det verkeleg gjer inntrykk å ha sett.
Marko Jovanovic på Anime Corner (animecorner.me) deler begeistringa for animasjonen, men synest andre sesong går for fort. Han meiner fleire viktige utviklingar får for lite tid til å feste seg. Der skil opplevingane våre lag. For meg blir serien berre betre, også gjennom den andre sesongen. Det visuelle og relasjonane fungerer saman, framfor at det eine må bere det andre.
