- Filmdagbok

Atypical

Til å vere ein Netflix-serie på 30 minuttar, så er Atypical blant dei betre seriane dei siste par åra. Det er ei smart og varm blanding av drama og komedie, med velskrivne karakterar som går an å like. Utan at serien er over toppen. Den andre sesongen var ei aning mindre imponerande enn den første. Så eg var ikkje begeistra, men heller skeptisk til tredje sesong. Etter tredje sesong var sett, så var eg derimot ganske så fornøgd. Det same med sesong fire.

#Netflix