Komiserien Bad Education i 30 minuttarsformatet frå BBC har i skrivande stund gått i tre sesongar. Om det blir ein fjerde er ikkje bestemt, men det kan verke som at serien er over av to årsaker: Jack Whitehall har gått i gang med å legge grunnlaget for ein amerikansk adapsjon. Og skuleklassen me følger i serien er blitt uteksaminert.
Britiske seriar er i hovudsak produktet til ein manusforfattar, derfor er sesongane kortare og sesongane færre enn den typiske amerikanske serien, som ofte er produktet til ein eller fleire produsentar.
Bad Education handlar om ein lærar (Jack Whitehall), som er meir barnsleg enn den bråkete klassen sin, og som ønsker å gjere minst mogleg ut av seg. Dette gjer at elevane hans både likar han og gjer narr av han.
Serien har først og fremst karakterar som går an å like. Humoren er dristig, men samtidig er han innafor grensene av rimelegheit. Enkelte episodar byr på latter, men for det meste er det humring.
Mine førebels konklusjon, i tilfelle serien blir forlenga, er at Bad Education er ein fin serie å følge. Men at andre nyare britiske komediar som Friday Night Dinner og The Inbetweeners byr på langt meir latter. Eventuelt Fresh Meat, også med Jack Whitehall, ein collegekomedie med 50 minuttar lange episodar.