
Beaver Falls
Komiserien Beaver Falls handlar om tre britiske venner og studentar som bestemmer seg for å bruke sommaren til å jobbe på ein leirskule i USA.
Ergo er Beaver Falls ein leirskulekomedie, eit kjent amerikansk fenomen, men med ein britisk vri. Her er det praktiske spøkar, forelsking og obligatoriske samanstøyt mellom grupperingar.
Det er ikkje altfor mykje nytt å vise til i denne serien, men han leverer ein passe dose humor og karakterar som går an å like, og det er nok.
Det er også nok framdrift i løpet av dei to sesongane til serien til at det ikkje berre blir overflatisk tull. Dette er ei av sidene ved Beaver Falls er sette pris på.
Dan Owen på Dan’s Media Digest (danowen.blogspot.com) er mindre nøgd med returen til leiren i opninga av andre sesong. Han likar framleis skodespelarane, men meiner opplegget treng skarpare humor og fleire grunnar til å fortsette. Eg får meir ut av utviklinga gjennom dei to sesongane. Det kjende og lite originale er der, men personane og framdrifta gjer at serien blir meir enn berre ei ny runde med dei same spøkane.
