
BECK
Svak slutt på ein serie som byrja bra, men som ikkje var så sterk mot slutten.
Avslutninga er òg det store vonbrotet på The Nihon Review (nihonreview.com). Omtalen rosar musikken og dei truverdige relasjonane, men meiner siste del hastar gjennom det som skulle vore eit høgdepunkt. Det ligg nær reaksjonen min på den siste episoden. Når me har brukt så mykje tid med eit band, held det ikkje nødvendigvis å få vite kvar medlemmene endar. Avslutninga må òg kjennast som ein ordentleg del av historia me har følgt.
Eit par månader har gått når me møter gjengen frå bandet Beck i den siste episoden, og dei har gått kvar til sitt. Koyuki tek mot til seg og snakkar med bandmedlemmene, noko han ikkje har gjort sidan Beck blei splitta. Men Ryuusuke er det ingen spor etter.
Dei reiser så på turne til Amelica (USA) utan Ryuusuke. Men kven trur du dei møter der? Slik slutta denne serien.
