Best of the Worst - Filmdagbok

Best of the Worst 2013

Best of the Worst er ein serie av Red Letter Media laga for internett, om dårlege filmar. Ein morosam serie å følge med på i blant, og ein som eg alltid ser, men ikkje alltid følger så nøye med på når eg har slått han på.

Eg er større fan av Half in the Bag, som handlar om nye filmar, som den same gjengen står bak. Men Best of the Worst glimtar også til med nokon knallbra episodar. Det varierer mykje kva filmar dei ser, og dei har ulike konsept for oppbygginga av episodane.

I nokon episodar snurrar dei eit hjul og ser tilfeldige og grufulle filmar som kan vere alt frå instruksjonsfilmar frå 1990-talet til dyrefilmar. Andre gonger går dei meir tematisk til verks og ser ein spesiell type film frå ein spesiell periode. Då kan det bli interessant.