Better Off Ted - Filmdagbok

Better Off Ted 2009

Eg brukte nokon kveldar på å sjå Better Off Ted, og sidan spørsmålet om i kva grad ein serie er verdt å bruke tida på, er større enn om ein film er, skal eg gi plass til nokon ord om denne serien.

Dette er ein komedie, som blir sendt i USA på nettverket ABC. Typen er enkeltkamera og ingen publikum. Lengda på 22 minuttar gjer det lett å sette seg ned med ein eller fleire episodar. Krava mine var derfor ikkje skyhøge.

Me følger ei gruppe tilsette i ei avdeling av det oppdikta selskapet Veridian, som driv med forsking og utvikling av nye produkt. Miljøet er litt som i 30 Rock, du har ei hovudrolle i ei sjefsstilling, som har orden over fleire andre tilsette, og må svare til ein noko spesiell sjef. Men i motsetnad til 30 Rock, så manglar Better Off Ted det smarte manuset.

Synet mitt omkring serien er at han manglar det som skal til for å sende han i toppen, men over ein gjennomsnittleg komedie er han. Det kan ikkje skyvast under ein stol at det er seriøst mykje drit som dukkar opp kvart år. Men for ikkje å dryge dette lengre, har du gått tom for dei beste seriane, så er Better Off Ted ein trygg stoppestad på vegen vidare, men sjå for all del 30 Rock først om du ikkje allereie har sett han.