Hopp til hovedinnhold
Plakat for Beyond Westworld (1980)

Beyond Westworld

Serie
2

I 1973 kom filmen Westworld, ein film om ein toppmoderne temapark som gjenskapte den ville vesten. I parken kunne gjester oppleve og gjere det dei ville. Vertskapet og karakterane som held til i parken var robotar, og kunne difor bli behandla på umenneskeleg måtar.

I filmen skjedde det ein elektronisk feil i systemet som styrte robotane, og dei gjekk til angrep på menneska, og resten er historie.

Tre år etter kom oppfølgarfilmen Futureworld. Tv-serien Beyond Westworld har oversett hendingane i denne filmen, og tek på seg rolla som ein ny oppfølgar til Westworld.

I serien følger me John Moore, som er tilsett i selskapet Delos som stod bak temaparken i filmen Westworld. Han skal kjempe mot robot- og Delos-relatert problematikk ute i den verkelege verda. I hovudsak er det skurken Quaid som går igjen i alle episodane og står bak alle problema Moore møter på.

Tre episodar blei sendt på tv når serien kom i 1980, før han blei kansellert. Når serien har komme på video i seinare tid har to ekstra episodar blitt gitt ut. Som gir serien ei total lengd på fem episodar.

Då serien er dårleg, spesialt samanlikna med alt anna Westworld-relatert, er fem episodar nok. Det serien har å by på er kort oppsummert ufrivillig humor, eit datert serieformat og oppbygging, godt laga robotar (god sminkejobb) og ideen om å utforske Westworld-universet meir. Sistnemnde leverer serien dårleg på, og var det eg forventa mest av han på.

Eg kan finne nokre lyspunkt i delar av serien, og likar det dei prøver å lage. Men potensiale er langt frå å bli realisert. Eg kan ikkje anbefale serien som god underhaldning. Kanskje til nauds som ein kuriositet, men knapt meir.

Skribenten på Soothsayer Reviews (moviesoothsayer.wordpress.com) er endå mindre nøgd med serien enn eg er. Omtalen saknar både ein interessant grunnidé og ein hovudperson med karisma, og meiner forbindelsen til filmane kunne vore brukt langt betre. Eg finn nokre lyspunkt i det dei prøver å lage. Likevel blir me ståande nær kvarandre i dommen, fordi potensialet i universet aldri blir skikkeleg utnytta.