Big Love - Filmdagbok

Big Love 2006

Å få fem år med serie ned på papiret, på få hundre ord, er ei utfordring. Spesielt når serien kjem frå HBO, der mykje handlar om å skape rike og fullstendige seriar og episodar.

Bill Henrickson (Bill Paxton) har har tre koner som han til saman har ni born med. I Big Love følger me han og familien hans, og deira liv i skjul og frykt for å bli avslørt.

Bill har også to Home Plus-butikkar. Ei kjede han har starta sjølv som sel alt til heimen. Og han har nok av problem. Roman Grant (Harry Dean Stanton) er det største. Han eig stort sett alt i Juniper Creek, samfunnet som Bill blei utstøytt frå i ung alder.

Noko av det første eg tenkte når eg sjekka ut denne serien var at det ikkje er grenser for kva utgangspunkt ein serie kan ha lenger. Ein familie med eit par er ikkje nok, to ekstra koner må til. Men som dramaserie er det ikkje så verst. HBO kan sakene sine, endå du ikkje kan rekne med å bli umiddelbart frelst. Denne serien krev sitt, og det tar tid før det blir verkeleg bra. Difor har eg brukt litt lengre tid på serien, og har heller prioritert frisk luft og sosialt samvær framfor eit maraton med mormonar.

Big Love har eit tilsynelatande nøytralt syn på fleirkoneri. Familien Henrickson er i all hovudsak ein amerikansk kjernefamilie. Dei er kristne, Bill driv ei vellukka bedrift og dei bur i ein fin forstad til Salt Lake City. Det er lett å like folka, sjølv om eg ikkje er einig i deira praksis. Dette har å gjere med forholdet Bill har til personane som høyrer fortida hans til. Som ungdom blei han utstøytt frå leiren, der giftarmål med mindreårige, tvangsekteskap og trua på ein profet som styrer over leiren er kvardagsleg.

Big Love har mykje for seg, det er ein god dramaserie der du må ha tunga rett i munnen for ikkje å falle av. Her flyg det så mange velartikulerte, men på jorda, argument fram og tilbake der religion, ordet til Gud, kall og alt slikt tull blir flittig brukt. Bill står for at folk skal vere fri til å velja sjølv, men trua held han tilbake på enkelte punkt. Han blir derfor ein person du lett kan vere ueinig med, samtidig som han har gode sider.

I all hovudsak er serien eit familiedrama, men med ein veldig stor familie og ein heller stor dose religiøsitet. At fleirkoneriet til Bill skal haldast skjult for offentlegheita tilfører spenning til serien, og spesielt i byrjinga er det lærerikt med tanke på prinsippet som blir følgt. Big Love har gått ein lang veg sidan første episode, men kjerna har alltid vore familie, og ikkje religion som lett kan bli det mest synlege.

På grunn av formatet, sjangeren og sendetidspunktet ser eg på Big Love som arvtakaren til Six Feet Under, som HBO sendte mellom 2001 og 2005. Under levetida til Big Love har eg alltid prøvd å finne igjen den såre kjensla som Six Feet Under klarte å skape, men Big Love når aldri så djupt som forgjengaren. Over tid har søken gradvis trappa ned, men tanken har alltid vore ein eg har kome tilbake til.

Big Love er trass 2. plassen i samanlikninga med ein av mine favorittseriar, ein solid serie, med godt skodespel og gode historier som har fortent å halde fram så lenge han har gjort. Med fin balanser mellom rollefigurane, fornying og utskifting over tid, og eit komplett miljø. Femte og siste sesong blir spennande som følger av kunna om at det er siste sesong, men skuffar litt då det aldri kjennes som spenninga blir trappa opp mot slutten.